Knakende kjekk øvingshelg

Publisert: 30. januar 2023

Det er ein nesten uskreven regel at me samlast til helgeseminar så snart me kjem over i januar. No i helga var korpset samla til både felles- og gruppeøvingar. Det er alltid kjekt med slike samlingar – mengdetrening er gull verdt når det gjeld å knekke koden på dei mest vrine notane.

Laurdag morgon kl. 10 og øvinga er godt i gang.

Øvingshelga er kick-off på innøving av repertoaret til vår faste konsert i mars. I år er den laurdag 18. mars. Frå nyttår og fram til konserten legg me inn ei ekstra øving i veka for dei som har ynskjer å øve litt ekstra. Øvingsiveren er det absolutt ikkje noko å seie på. Til og med torsdag hadde vi øving sjølv om vi skulle vere klare til mange timar speling frå fredag klokka fem.

Pausar og mat er også viktig

Sjølv om vi spelar ganske mange timar i løpet av ei slik helg, tek vi oss god tid til pauser. Menyen er det ikkje noko å seie på – det vankar kaker, frukt, pølse med brød eller lompe og mykje anna godt. Praten går gjerne ekstra lett over matbordet.

Laurdagskvelden dro me ut i lag og fekk oss eit godt måltid på Klingenberg Hotel. Då gjekk praten livleg om mangt og mykje på kryss og tvers over langbordet. Så veldig seine kunne me ikkje vere, for søndag klokka elleve skulle me sitte klare med instrumenta til siste speleinnsats for helga.

Variert og litt uvanleg konsertrepertoar
Jepp – Hotel California inngår i konsertrepertoaret.

Det er no me dykkar ned i detaljane i repertoaret til mars-konserten. Nokre nummer har vi spelt på konsertar før, men det er også mykje nytt stoff som me berre har «smakt» litt på til no.

Eit par av stykka er til og med spesialarrangert for korpset, noko dt ikkje er kvardagskost at me tingar.

Me vil halde dykk litt på pinebenken ei stund til før me avslørar meir, men kan avsløre at vi skal ha med sangsolist denne gongen. Det har vi hatt eit par gonger på julekonserten vår dei seinaste åra, men vi må gå utruleg mange år attende for vårkonserten sin del.

Utanbygds dirigent og instruktørar

Dirigent Oddgeir har alltid ivra for at korpset skal nytte gjestedirigent med jamne mellomrom. Han er særs viljug til å levere frå seg dirigentpinnen og ta plass i kornettrekka og spele. No har det blitt slik at me har hatt gjestedirigent på alle hovudkonsertane sidan 2014. Dei siste fire åra er det Erling Myrseth som har teke turen over fjellet frå Oslo, for å dirigere oss på desse konsertane. I tillegg har han hatt ansvar for 1-2 helgesamlingar i året. Me trivst verkeleg godt i lag både musikalsk og sosialt, noko som er ein føresetnad for å engasjere ein gjestedirigent.

Me har altså ikkje berre fellesøving på slike samlinger, men deler oss også i grupper etter instrumenttype og øver på det som er spesielt for kvar av stemmene. Då treng vi også gruppeinstruktørar. Denne helga hadde vi med oss Leif Aslaksrud som tok hand om «grovmessingen» og Samuele Mascetti for «treblåsarane». Begge kjem frå Sogndal, har musikkutdanning og spelar også i Sogndal Musikklag.

Nye og gamle bekjentskapar

Gjensynsgleda var stor då Hilde Horpen kom for å vere med på helgesamlinga. Ho spelte i korpset frå ho var omkring 12 år og til ho forlet Årdal til fordel for studiar Bergen. No er ho i jobb, har lagt politikken litt til sides og tatt opp att korpshobbyen som musikant i Osterøy Janitsjarkorps. I helga tok ho plassen sin i klarinettrekka igjen, og blir nok å sjå nokre gonger i rekkjene våre når det høver seg slik.

Hilde, Hildegunn og Oddgeir.

Då Hilde reiste frå Årdal, hadde ho vore assisterande dirigent for Oddgeir nokre år. I dag er det Hildegunn som har den rolla. Nesten same førenavn, akkurat like gamle i år og same instrument. Ganske pussig samantreff i grunnen.

Samstundes helgesamling i skulemusikken

Våre skulemusikantar i Farnes skulemusikk hadde også helgesamling denne helga. Deira gjestedirigent var ingen ringare enn Jan Magne Førde; komponist og trompetist, men truleg mest kjend for dei fleste som ein av dei i Brazz Brothers.

Sidan dei skulle avslutte si helgesamling med konsert, avslutta vi sjøvsagt slik at vi rakk å få med oss den. Det var bra med folk som drista seg ut i det utrivelege ruskevêret for å få med seg konserten. Stykket dei starta med, var den kjende «Red River Valley» – ei folkevise som har opphav i USA eller Canada. Det svinga skikkeleg bra og me kroa oss godt til rette i stolane for å høyre på dei unge som skal ta korpstradisjonen vidare.

Dei kom halveges ut i låten –

og så gjekk straumen …

Sjølv om publikum ville vente til straumen kom att, måtte skulemusikken til slutt berre sende publikum skuffa heim.

Men før me gjekk slukøyra kvart til vårt, hadde vi fått høyre ungar fulle av spelelyst og speleglede «rotte seg saman» rundt eit par notestativ med mobiltelefon som notelys, og spele – heilt sikkert noko av det dei hadde øvd på i helga.

Dei hadde nok hatt ei strålande helg, og kven veit – kanskje er dette ein av dei korpskonsertane dei vil hugse heile sitt liv.

Vi voner no at dei får høve til å sette opp att konserten, for åpninga lova særdeles godt for resten.

Les fleire saker

Ein unik tradisjon vert til

Ein unik tradisjon vert til

Søndag 6. november for 20 år sidan stilte vi oss opp på kyrkjetrappa heilt på eige initiativ ein ettermiddag for å spele salmar. Det var ganske tomt for folk både innanfor og utanfor kyrkjemuren, og dei få som var i nærleiken spurte om kvifor vi spelte der. Vi hadde...

read more
Korpsbasar 20. oktober

Korpsbasar 20. oktober

Me hadde ein plan om å ha basar anna kvart år då vi arrangerte basar i 2019. Så kom det ein pandemi og sette oss alle ut av spel, men no er me endeleg klare med ny basar. Basarane har stått i kø i bygda i haust og no er det berre to veker att me skal ha vår. Di støtte...

read more
Møte med ny kulturskulerektor

Møte med ny kulturskulerektor

Vi var sjølvsagt veldig spente då det før sommaren vart klart at dåverande rektor i kulturskulen, Sigyn Øren, skulle over i ny jobb. Ville kommunen klare å rekruttere inn ein ny rektor med korpskompetanse? Kva slags tankar og idear ville hen komme med? Vert kjemien...

read more