Korpsbasar 20. oktober

Publisert: 5. oktober 2024

Me hadde ein plan om å ha basar anna kvart år då vi arrangerte basar i 2019. Så kom det ein pandemi og sette oss alle ut av spel, men no er me endeleg klare med ny basar.

Basarane har stått i kø i bygda i haust og no er det berre to veker att me skal ha vår. Di støtte er viktig for at me skal kunne halde fram med å bidra med musikk ved store og små hendingar i lokalsamfunnet. Difor håpar me at du kjem på basaren vår søndag 20. oktober kl. 17 i Årdal Kino (foajéen og kantina).

Viktig inntekt til instrumentopplæring av ungar

Korpset har ei viktig rolle i lokalmiljøet. Me får ein del offentleg støtte, men mesteparten av drifta må vi skaffe midlar til sjølve. Skal me ha korps i framtida, er det viktig med rekruttering både av vaksne (nye og «rustne» musikantar), men ikkje minst born og ungdom. Difor er det avgjerande at me kan tilby musikkinteresserte born og ungdommar på Tangen god grunnopplæring på korpsinstrument slik at dei kan få oppleve gleda ved å ha korps som hobby.

Opplæringa gjennom kulturskulen som me tilbyr ungar på Tangen, er ein av våre største utgiftspostar. I dag har me 17 unge tangingar som får slik opplæring. Me håpar difor at mange kjem på basaren for å støtte denne gode saka.

Stor gjevarglede og mange, flotte gevinstar

Me har fått utruleg mange bidrag til basaren frå både medlemmar, andre privatpersonar og lokale bedrifter. Det gjer at me har mange flotte gevinstar som skal loddast ut.

Om du ynskjer å bidra med ei gåve, er det ikkje for seint. Du kan kontakte leiaren vår, Kristin Horge, på tlf. 91308849 eller sende oss ei melding på Facebook. Om du vil gje ei pengegåve, kan overføre pengar til korpset sin bankkonto 3730.20.28509 eller vippsa til #118778 (Årdalstangen Musikklag).

Vi nyttar høvet til å takke alle gjevarar for gåvebidrag!

Ikkje fått kjøpt lodd enno?

Me kjem framleis til å sitte på butikkar og selje lodd fra mot basardagen, kanskje oftast på Rema 1000 på Tangen. Denne gongen har me også Digitale loddbøker i Vipps for deg som ikkje treff på nokon loddseljar – eller har lyst å kjøpe fleire lodd. Dei digitale loddbøkene går inn i trekkinga på akkurat same måten som vanlege papirbøker – du har altså akkurat same vinnarsjanse.

Slik kjøpar du lodd i digitale loddbøker:

Søk opp korpset sin Vipps-konto #118857 (ÅML Korpskiosken) og velg Basarlodd, digital bok (kr. 5). Skriv inn beløpet du vil kjøpe for og fullfør betalinga med Send-knappen.List item
Du kan også skanne QR-koden nedanfor for å komme raskare fram til «loddboka».List item
Lodda du kjøper vil automatisk bli registrert på deg. Vil du skrive lodda på nokon annan enn deg sjølv, må du skrive namn og telefonnummer i tekstfeltet under beløpet.List item

Velkomen på basaren 20. oktober

Då gjestår det å ynskje alle – store som små – hjarteleg velkomne til ein triveleg kveld med med åresal, pauselotteri og trekking på loddbøker. Me byr på rikeleg med gratis kaffi, te, saft og heimebakte kaker attåt loddsal og trekkingar.

Me håpar på godt oppmøte og ser fram til å møte både gamle og nye vener av musikklaget. Kvar krone som vert samla inn, gjer ein stor forskjel og bidreg til å sikre framtida for Årdalstangen Musikklag – og ikkje minst, sikre at fleire unge får sjansen til å finne ut at korps er ein knakande kjekk hobby.

Velkommen til ein hyggelig basarsøndag!

Les fleire saker

Årets adventskalendar er her!

Årets adventskalendar er her!

No er adventskalendaren vår for 2024 i sal. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset. I årets lotteri har me nytt opplegg for gevinstar. Utanbygds tilhengjarar kan også kjøpe å få tilsendt kalendaren i posten. Pris pr....

read more
Ein unik tradisjon vert til

Ein unik tradisjon vert til

Søndag 6. november for 20 år sidan stilte vi oss opp på kyrkjetrappa heilt på eige initiativ ein ettermiddag for å spele salmar. Det var ganske tomt for folk både innanfor og utanfor kyrkjemuren, og dei få som var i nærleiken spurte om kvifor vi spelte der. Vi hadde...

read more
Møte med ny kulturskulerektor

Møte med ny kulturskulerektor

Vi var sjølvsagt veldig spente då det før sommaren vart klart at dåverande rektor i kulturskulen, Sigyn Øren, skulle over i ny jobb. Ville kommunen klare å rekruttere inn ein ny rektor med korpskompetanse? Kva slags tankar og idear ville hen komme med? Vert kjemien...

read more