Eit tilfeldig møte kan av og til bli starten på noko heilt uventa. Som når eit korpsmedlem treff ein utflytta og delvis heimvend årdøl på Rema’en som tilfeldigvis er sambuar med ein jazzmusikar. Den utflytta heimvende årdølen er kunstnaren Reidun Rose Vinda som korpset har hatt samarbeid med ved to høve tidlegare. Jazzmusikar-sambuaren er Didrik Ingvaldsen som blir med oss på konserten laurdag 8. mars.

Frå Blåveis til Berlin
Didrik Ingvaldsen har vore jazzmusiker, komponist og pedagog sidan 1984. Han er frå Gjøvik og har studert musikk ved Juilliard School i New York, Rogaland Musikkonservatorium og Leeds College of Music. Han har undervist ved Leeds College of Music, Universitetet i Stavanger og jobba både i Tanzania og på Færøyene. Dei siste åra har han vore frilanstrompetist og komponist med base i Berlin og Stavanger og med konsertar over heile Europa.
Musikkarriera starta allereie som 10-åring i «Blåveisene» musikkorps på Gjøvik. Seinare vart det både rockeband og storband før ferda gjekk vidare på musikkutdanning. Han har spelt med ei lang rekke ensemble, mellom anna Prague Music Performance Orchestra, Vestnorsk Jazz Ensemble, Bergen Big Band og UMO Big Band. Hans eigne prosjekt inkluderar mellom anna Pocket Corner, NOCZ Quartet, Extended Corner og Didrik Ingvaldsen Orchestra (CZ). Han har utgitt 16 album med eigne komposisjonar.
Vi tek med eit par omtalar av Didrik som syner at han ikkje er nokon «kven som helst»:
“En av avant-jazzens mest spennende utøvere.” – Terje Mosnes, Dagbladet
“A fabulous trumpeter who sounds like a cross between Don Cherry and Don Ellis.” – Steve Loewy, All Music Guide
Calypsodansande mentolsigarettrøykande nasehorn
Klarar du å tenke deg korleis dette kan høyrest ut? Det karakteriserar på sett og vis dei tre stykka som Didrik har arrangert for oss, der han sjølv altså er med som solist.
Musikken er rytmisk, leiken og utfordrar korpset på ein heilt ny måte – og responsen fra medlemmane er udelt positiv. Dette er noko heilt nytt, friskt og har opna døra til ei musikalsk verd få av oss kjenner så mykje til.

Det gjekk knapt to månader frå det første tilfeldige møtet på Rema, til avtalen med Didrik var «i boks». For oss er dette eit temmeleg uvanleg samarbeid. Det er også heilt utruleg at Didrik sin kalendar var «tom» og at han var i Årdal både den januarhelga vi skulle ha seminar og konserthelga i mars. Då kunne vi presentere noko saman allereie på hovudkonserten vår for 2025. Datoen for den var spikra for lenge siden.
Det var ei spennande tid fram til dei første utkasta til arrangementa kom til dirigent Oddgeir. Noko av det første Didrik sa til oss, var at vi ikkje måtte høyre på musikken hans som var tilgjengelig på nett. Okei – vi googla no litt uansett og det vi høyrde var så langt unna «17. mai-musikk» som det går an å komme. Skal tru kva slags musikk han ville komme med til oss?

Konsert utanfor taktstreken
På spørsmål om korleis han tykkjer møtet med korpset har vore, seier Didrik: «Møtet med korpset har vært veldig fint. På seminaret i januar ble vi godt kjent og fikk jobbet godt med musikken. Jeg jobber for det meste innenfor jazz/improvisert musikk-genren, og jeg tror nok at musikken er litt uvant for de fleste i korpset. Men de tar det med godt humør, og en kan glede seg til resultatet på konserten.»
For vår del vil vi kvittere med at Didrik er ein veldig triveleg og omgjengeleg person – og dessutan ein utruleg dyktig pedagog. Då ligg alt til rette for at vi får til noko bra saman.
Vi har heve oss ut på eit uvant djupt vatn som er både lærerikt og gjevande. Å spele denne typen musikk har kravd intens lytting og ny forståing av rytmar og presisjon. Og musikarane våre har teke imot utfordringa med entusiasme og nysgjerrigheit.
Vi tek eit godt steg ut av komfortsona som vert ei sjeldan musikkoppleving for både oss og publikum. Og viss du er skeptisk til denne musikken – ta det med ro! Du vil få rikeleg med tradisjonell korpsmusikk på konserten også. Vi kjem attende med meir detaljar om resten av programmet snart.
Sett av eit par timar frå kl. 18 på laurdag 8. mars og kom på konserten!


