Laurdag 5. november kl. 17
Stad | Kyrkjegarden, Årdal kyrke |
Billettpris | Gratis |
Laurdag 5. november er dagen før Helgemesse og som vanleg inviterar vi til ein liten, stemningsfull konsert på kyrkjegarden til Årdal kyrkje. Er du i nærleiken, voner vi du stoppar opp og lyttar til kjende og kjære salmar ein halvtimes tid før du dreg vidare. Det er ikkje kvelden for applaus – den tek vi gjerne imot på andre konsertar og speleoppdrag.