Ein unik tradisjon vert til

Publisert: 14. oktober 2024

Søndag 6. november for 20 år sidan stilte vi oss opp på kyrkjetrappa heilt på eige initiativ ein ettermiddag for å spele salmar. Det var ganske tomt for folk både innanfor og utanfor kyrkjemuren, og dei få som var i nærleiken spurte om kvifor vi spelte der. Vi hadde sikkert eit svar den gongen, men no klarer ikkje å minnast kvifor. Anna enn at vi likte å spele salmar (som i dag) og dessutan at det var Helgemessesøndag.

Dette vart starten på ein kjær korpstradisjon for både oss og publikum, med kyrkjegardskonsertar i samband med Helgemesse. Vi trur kanskje at vi er det einaste korpset i landet som har denne tradisjonen, men kan sterkt tilrå den til andre korps.

Dei tre første åra spelte vi utanom gudstenestetida på Helgemessesøndagen. Også av uviss grunn, valde vi å flytte spelinga til laurdagen før Helgemesse, og til kokka fem på ettermiddagen når mørkret fell på. Den viktigaste grunnen er sikkert at mange er på kyrkjegarden på den tida for å tenne lys på gravene til sine. Når vi skriv november er det ikkje sjølvsagt at vêret er på vår side for utespeling. To gonger har vi trekt inn i kyrkja på grunn av vêret, men det er utandørs vi ynskjer å spele denne dagen.

Laurdag 2. november inviterar vi altså til denne lille, stemningsfulle konserten for 20. gong. Er du i nærleiken, voner vi du stoppar opp og lyttar ein halvtimes tid. Vi spelar ei blanding av kjende salmar og anna høveleg musikk ein halvtimes tid.

Det er ikkje kvelden for applaus – den tek vi gjerne imot på andre konsertar og speleoppdrag.

Etter endt speling har vi også tradisjon for å gå ein runde på kyrkjegarden og tenne lys på gravene til avlidne korpsmedlemmar. Det er ein fin måte å minnast deira innsats i korpset. Nokre ga av seg og si tid i ein mannsalder og vel så det, medan andre gjekk bort alt for tidleg.

Les fleire saker

Konsert utanom det vanlege

Konsert utanom det vanlege

Vårens store konsert nærmar seg, og vi gler oss til å gje deg ein kveld fylt med musikalske overraskingar, energi og speleglede! Helt sidan vårt 60-årsjubileum i 2007 har hovudkonserten vore sesongens store høgdepunkt, og vi legg ned utallige timar med øving for å...

read more
Møt jazzmusikaren Didrik Ingvaldsen

Møt jazzmusikaren Didrik Ingvaldsen

Eit tilfeldig møte kan av og til bli starten på noko heilt uventa. Som når eit korpsmedlem treff ein utflytta og delvis heimvend årdøl på Rema'en som tilfeldigvis er sambuar med ein jazzmusikar. Den utflytta heimvende årdølen er kunstnaren Reidun Rose Vinda som...

read more
Årets adventskalendar er her!

Årets adventskalendar er her!

No er adventskalendaren vår for 2024 i sal. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset. I årets lotteri har me nytt opplegg for gevinstar. Utanbygds tilhengjarar kan også kjøpe å få tilsendt kalendaren i posten. Pris pr....

read more