No er lotterikalendaren vår her!

Publisert: 10. november 2022
Samstundes jubileum for korps og adventslotteri

I år når korpset fyller 75 år, feirar vi også 20 år med adventslotteri. Dette er eit av to lotteri korpset gjennomfører årleg, som gir viktige inntekter til drifta av korpset. Vi håpar mange vil støtte oss ved å kjøpe kalendaren. Kalendaren kostar 75 kroner og alle inntekter går uavkorta til korpset.

Gevinstar som støttar lokalt næringsliv

Me veljer å ha gåvekort frå lokale bedrifter i Årdal. På denne måten vil vi gje litt attende til alle bedrifter som støttar oss på ulike måter. Om du vinn kjem an på kor mange juletrær du finn bak dei 24 lukene. Med 7 juletrær stikk du av med hovudgevinsta. Heile gevinstlista ser du nedanfor.

Her får du kjøpt kalendaren

Alle korpsmedlemmar har kalendarar for sal og vi kjem til å sitte på butikkar, men du kan også bestille direkte frå korpset :

  • Send oss ei melding på Facebook-sida vår.
  • Du kan bestille ved å betale med Vipps til #118857 eller Korpskiosken – to like måtar å finne korpset sin Vippskonto på. Vi sjekkar/oppsummerar betalingar dagleg.
  • Du kan også sende epost til post@ardalstangenmusikklag.no med bestillinga di.

Felles uansett måte er at vi ber deg oppgi namn/adressa til den eller dei du ynskjer levering til – og tal kalendarar. Vi leverar på døra i Årdal og kan etter avtale sende mot betaling av porto.

Les fleire saker

Konsert utanom det vanlege

Konsert utanom det vanlege

Vårens store konsert nærmar seg, og vi gler oss til å gje deg ein kveld fylt med musikalske overraskingar, energi og speleglede! Helt sidan vårt 60-årsjubileum i 2007 har hovudkonserten vore sesongens store høgdepunkt, og vi legg ned utallige timar med øving for å...

read more
Møt jazzmusikaren Didrik Ingvaldsen

Møt jazzmusikaren Didrik Ingvaldsen

Eit tilfeldig møte kan av og til bli starten på noko heilt uventa. Som når eit korpsmedlem treff ein utflytta og delvis heimvend årdøl på Rema'en som tilfeldigvis er sambuar med ein jazzmusikar. Den utflytta heimvende årdølen er kunstnaren Reidun Rose Vinda som...

read more
Årets adventskalendar er her!

Årets adventskalendar er her!

No er adventskalendaren vår for 2024 i sal. Dette er eitt av to lotteri me har fast og alle inntekter går uavkorta til korpset. I årets lotteri har me nytt opplegg for gevinstar. Utanbygds tilhengjarar kan også kjøpe å få tilsendt kalendaren i posten. Pris pr....

read more