Vår årlege musikalske og sosiale utanbygdshelg
I år var det tredje gongen vi drog til Mastemyr på helgesamling. I tillegg har vi vore to gonger i Bergen. I 2020 rakk vi akkurat å få gjennomført helgasamlinga, før vi måtte innstille all aktivitet. Føremålet har vore det same alle gonger – førebuing til årskonserten vår i kombinasjon med sosialt samvær.
I år knytta det seg ekstra spenning til om vi turde gjennomføre turen, av årsaker som alle veit og som er terpa på til det kjedelege. Men – vi greide det! Vi hadde ei super helg med gode instruktørar, gode lokale, god mat og triveleg samvær. Det siste var veldig kjekt etter to år meir eller mindre i dvale utan å kunne møtest.
Ei lukke at gjestedirigenten ikkje hadde tid
Pådrivar for desse helgane er dirigent Oddgeir og han seier dette om kvifor han meiner det er viktig for korpset med slike samlingar: «Som dirigent er det viktig for meg å få kvart medlem, dirigenten inkludert, litt tryggare på si oppgåve kvar einaste øving. Det var også idéen bak «Bli bedre – få det bedre» – eit NMF-opplegg korpset gjennomførte for nokre år tilbake. Den tankegangen meinar eg me har overført til Mastemyrseminaret og liknande. Ved å knytte til oss dugande folk som passar inn i vår filosofi og miljø får korpset eit svært stort utbyte av dei ca 12 timane med øving vi rekk på ei slik helg.»
I ettertid ser Oddgeir det som utruleg flaks at Idar Torskangerpoll som var engasjert som gjestedirigent til årskonserten i 2019, ikkje kunne komme til Årdal å ha seminar med oss den gongen. Vi måtte ha ei øvingshelg og då kom idéen om at vi heller skulle dra austover til Idar. Det var nytt for oss å dra på slik tur – det var sikkert litt skepsis hjå enkelte. Heldigvis vart helga særs vellukka på alle måtar og ei slik utanbygds øvingshelg har vi hatt sidan. Vi har som sagt vore i Bergen også, men det var fordi dirigenten vår då budde i Bergen. Vi tykkjer nok Mastemyr og Quality Hotel Entry er ein betre plass for oss, sjølv om reisevegen er lengre.
Eigenutvikling
No har vi hatt Erling Myrseth som gjestedirigent dei siste åra. Sidan han bur i Oslo, passar det godt å dra i austerled til Mastemyr. Ved å nytte ein «utanforståande» gjestedirigent i staden for vår faste dirigent, meiner Oddgeir at vi får korrektiv og attendemeldingar om vi arbeider «rett». Vi som står og sit i korpset kvar veke, merkar lite til utviklinga både for kvar av oss og samla. Det får vi gode tilbakemeldingar på ved å bruke gjestedirigent og instruktørar.
I dagens samfunn er det mykje snakk om eigenutvikling – det gjeld for oss i korpset også. Det er eigenutvikling me driv med når me øver inn stykker på gjennom vekene og på seminar. Vi er også heldige med at moderorganisasjonen vår Norges Musikkorps Forbund, har «haugevis» av tilbod om eigenututvikling gjennom kurs for både unge og vaksne. Gjennom våre vanlege øvingar, eigne seminar og NMF sitt varierte kurstilbod, har vi rikelege høve til å utvikle oss kvar for oss og i fellesskap på tvers av både alder og kor «flink» ein er.